Møt Thunderbird
Thunderbird er eit gratis og ope kjeldekode-programvareprosjekt grunnlagt i 2003 for å gjere kommunikasjon og samarbeid betre. Vi blir støtta av talentet og generøsiteten til tusenvis av individ og ein del av Mozilla-familien. Vesentlege verdiar rettleiar oss og gjer arbeidet vårt relevant. Les vidare for å lære meir.
Verdiar
Fellesskap
Organisasjon
Styrt av verdiar

Personvern
Du er ikkje produktet.
For oss er dataeigarskap og personvern din rett same kvar du bur. Forpliktinga vår til dine personlege data er enkel:
- Vi samlar eller lagrar det ikkje med mindre du ber oss om det.
- Vi legg stor vekt på å verne han mot misbruk.
- Vi vil aldri selje han.
- Du beheld eigarskap og kontroll over det.

Fridom
Thunderbird høyrer til deg (og verda).
Thunderbird er gratis programvare med open kjeldekode, noko som betyr at koden er tilgjengeleg for å sjå, endre, bruke og dele fritt. Lisensen sikrar også at han held fram med å vere gratis for alltid. Du kan tenkje på Thunderbird som ei gåve frå tusenvis av bidragsytarar til deg.
Lær om MPL 2.0
Røyst
Du er ein del av framtida til Thunderbird.
Thunderbird er fri for kommersielle krav og insentiv som ofte styrer programvareutvikling. Kven som helst kan bli involvert i å gjere Thunderbird betre og tilgjengeleg for fleire menneske. Eit bidragsytarvalt råd sikrar at Thunderbird held fram med å vere tru mot verdiane og oppdraget sitt.
Driven av fellesskapet
Kven som helst kan bidra til å gjere Thunderbird betre. Programmerarar kan bidra med funksjonar dei brenn for eller forbetre den eksisterande koden. Dei som er fleirspråklege kan gjere Thunderbird tilgjengeleg for alle. Dei som er villige kan teste nye versjonar av Thunderbird og dokumentere problem. Det er mange måtar å bli ein del av eit blomstrande fellesskap som gjer Thunderbird unik. Og viss du ikkje har tid til å vere frivillig, kan du vere med å støtte arbeidet vårt med eit økonomisk bidrag.
Les om korleis du kan vere med
Ein del av Mozilla-familien
Thunderbird opererer i eit eige, for-profit dotterselskap av Mozilla Foundation. Denne strukturen gir oss fleksibiliteten til å tilby valfrie betalte tenester for å halde oppe Thunderbirds utvikling langt inn i framtida.
Vi har eit veksande team av dyktige medarbeidarar som utviklar og held ved like Thunderbird, samarbeider med fellesskapet vårt og partnarar og jobbar for å levere Thunderbird til brukarar over heile verda.

Lisa McCormack

Ryan Sipes

Alessandro Castellani

Andrei Hajdukewycz

Alejandro Aspinwall

Alex Schmitz

Anthony Macchia

Ben Campbell

Brendan Abolivier

Chris Aquino

Corey Bryant

Daniel Darnell

Geoff Lankow

Heather Ellsworth

John Bieling

Kai Engert

Kelly McSweeney

Laurel Terlesky

Magnus Melin

Malini Das

Margaret Baker

Martin Giger

Melissa Autumn

Monica Ayhens-Madon

Natalie Ivanova

Philipp Kewisch

Rob Lemley

Rob Wood

Roland Tanglao

Ryan Jung

Sarah Regenspan

Solange Valverde

Tarandeep Kaur

Toby Pilling

Vineet Deo

Wayne Mery
