Thunderbird for mobil

Møt den leiande open kjeldekode-e-postappen for Android. Nyt full fridom same kvar du tek med deg smarttelefonen.

Kjernefunksjonar

Dine nye produktivitetssuperkrefter.

A crossed out circle against a pink background.

Ingen annonsar eller spionprogram

Det er faktisk gratis!

I staden for å tene pengar på annonsar eller data, er Thunderbird utvikla med donasjonar av tid og pengar frå folk akkurat som deg. Administrer e-posten din utan å gje opp meir av personvernet ditt.

Les personvernerklæringa vår
A cropped screenshot of the Thunderbird for Android's interface.

Alt-i-ein e-postapp

Reduser app-rotet.

Konsolider alle e-postappane dine i éin kraftig app som respekterer privatlivet og fridommen din. Sjå meldingar separat eller i éin samla innboks.

Støtte for fleire kontoar

Ikkje gå glipp av ei melding.

Synkroniser med e-postkontoar heime, skule og jobb. Vi tek vare på deg nesten kvar som helst du får meldingar.

Avansert e-postkryptering

Send og få sikre meldingar på alle kontoar.

Avanserte brukarar som ønskjer det høgaste nivået av personvern kan sende og få krypterte e-postar ved å bruke OpenPGP-standarden, når dei er para ihop med, den gratis og opne kjeldekode, Openkeychain-appen. Sjølv e-postleverandøren din vil ikkje ha tilgang til meldingane dine.

Lyst og mørkt grensesnitt

Match preferansane eller miljøa dine.

Les e-posten din når som helst på dagen og på den måten du likar, med støtte for mørk og lys modus. Mange små grensesnittfunksjonar vil få deg til å like Thunderbird for mobil.

The Thunderbird logo in an opened gift box.

Alltid gratis og open

Thunderbird er ei gåve frå folk som deg.

Tusenvis har bidrege med tid og pengar for å gjere Thunderbird mogleg. Koden er open kjeldekode og fritt lisensiert til å bruke, endre og dele. Thunderbird er ikkje berre gratis, han gjer deg fri.

Les om oppdraget vårt

Raskt oppsett

Thunderbird Desktop-brukarar kan migrere innstillingane sine raskt. Berre skann QR-kode på datamaskina med mobilappen.

Two QR codes are shown, one on a mobile device and another in the distance on a desktop.

Nyttige ressursar

Oppgrader Thunderbird-ferdigheitene dine.

Kom i gang

Nesten alle kan vere med på å gjere Thunderbird betre og meir tilgjengeleg for andre. Kom og lær kva moglegheiter som finst. Finn måtar å bidra til prosjektet på:

Korleis delta

Del idear

Når utviklarar, designarar og brukarar jobbar saman skjer det fantastiske ting. Kom og del ideane dine for korleis Thunderbird kan bli betre.

Mozilla Connect

Få brukarstøtte

Lær korleis du brukar Thunderbird og still spørsmål. Thunderbird-bidragsytarar frå heile verda jobbar for at du skal ha ei flott oppleving.

Brukarstøtte-nettstad

Finn ut kva som kjem

Thunderbird blir stadig betre. Abonner på nyheitsbrevet vårt og følg oss på sosiale medium for å halde deg oppdatert.