Delta

Vi treng dine talent

Alle kan vere bidragsytarar. Her er nokre av måtane du kan hjelpe på.

Friviljuge hjelper til med å lage Thunderbird og passe på at han er tilgjengeleg over heile verda på dusinvis av språk. Dei skriv dokumentasjonen, og svarar på spørsmåla som hjelper vanlege folk med å bruke Thunderbird.

Kode

Viss du har erfaring med programmering, er det mange måtar å bidra til Thunderbird-prosjektet på. Kom i gang ved å identifisere området der du har mest erfaring og interesse, og følg stega for å kome i gang:

Utvikling for datamaskiner:

Android-utvikling:

Nettstadutvikling:

Teste

Med så mange unike maskinvaremiljø og arbeidsflytar spelar fellesskapsmedlemmar som testar førehandsutgjevingar av Thunderbird ei viktig rolle i kvaliteten på programvara. I tillegg hjelper du med å fange feil før dei kan nå allmenta!

Desktop:

  • Les om korleis du testar Beta
  • Rapporter feil

Android:

  • Les om korleis du testar Beta
  • Rapporter feil
Omset

Heile verda fortener gratis programvare med open kjeldekode, og Thunderbird er for tida omsett til meir enn 50 språk! Bruk dei fleirspråklege talenta dine for å gjere Thunderbird meir tilgjengeleg enn nokon gong.

Desktop:

Android:

Brukarstøtte

Er du ein erfaren Thunderbird-brukar som elskar å gi ei hjelpande hand? Bruk kunnskapen din til stor nytte ved å bli med i supportteamet vårt, og hjelpe brukarar over heile verda med Thunderbird-spørsmåla deira.

Du kan bli med i Thunderbird Community Support Matrix-rommet vårt for å få og gi brukarstøtte.

Desktop:

Android:

Dokument

Bidra til at svara blir skrivne ned før spørsmålet i det heile er stilt! Frå dokumentasjonsfunksjonar eller API-ar til vanlege spørsmål om brukarstøtte, bruk kunnskapen og skriveferdigheitene dine til fordel for heile Thunderbird-fellesskapet.

Desktop:

Android:

Promoter

Advokatverksemd er ein av dei enklaste måtane å bidra til Thunderbird! Forsterke innlegga våre på Mastodon, vise fram programvara til ein venn, stemme opp eit nyttig svar på Reddit; alt som legg til synlegheit er til stor hjelp. Her finn du oss på ulike sosiale plattformer, og korleis du kan engasjere deg.

Utforming

Del ideane dine og bidra til dei pågåande samtalane rundt Thunderbirds UX og UI. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar til utviklardesign på UX-e-postlista vår, og det tilhøyrande Matrix-rommet vårt.

Ein annan måte du kan bidra på er å dele idéar, prioriteringar og tilbakemeldingar. Thunderbird er din og vi lyttar.

Mozilla Connect

Bidragsytar-røynsle

Måtane og grunnane til å engasjere seg er like ulike som menneska som gjer det.

Våre frivillige kjem frå ulike bakgrunnar og har unike talent. Dei gjer Thunderbird betre for seg sjølv og betre for verda på same tid. Du kan bli med dei.

Thunderbird er eit bevis på krafta i open kjeldekode-fellesskapet sitt bidrag til å drive innovasjon og effektivitet.
Berna
Leiing, Sveits
Om du ikkje deler risikoen kan du ikkje klage på retninga produktet går i.
Arthur
Feilhandsaming, USA
Det er flott å kunne forbetre programvara ved å fikse småting som påverkar meg og andre brukarar
Hartmut
Utviklar, Tyskland
Eg melder meg frivillig til å bruke betaversjonane så snart dei er bygd, rapporterer problem eg finn og testar løysingar.
Doug
Testar og feilhandsaming, USA
Eg melder meg frivillig til å hjelpe andre i support-forumet til Thunderbird som eg synest er ei veldig givande oppleving.
Toad-Hall
Brukarstøtte og feilhandsaming, Storbritannia
Eg byrja med å bidra med omsetjingar, og tenkte at folk som snakkar språket mitt fortener lokaliserte versjonar.
Bogo
Omsettar, feilhandsaming og leiarskap Bulgaria

Form framtida

Forbetre programvare og liv ved å vere frivillig.

Lag verktøy du vil bruke. Hjelp andre med å finne og bruke programvare som respekterer privatliva og fridommen deira. Bli ein del av ei betre framtid for deg sjølv og andre ved å setje talenta dine i arbeid hos Thunderbird.

Various gears all working in tandem with a heart, a code symbol, a magnifying glass displaying a very small bug, and the Thunderbird Logo in the centre of it all.

Finn ut kva som kjem

Thunderbird blir stadig betre. Abonner på nyheitsbrevet vårt og følg oss på sosiale medium for å halde deg oppdatert.