Thunderbird for datamaskiner

Kraftig e-post, kalender og kontaktar for Windows, Linux og macOS. Gratis programvare utvikla for å gjere deg fri.

Kjernefunksjonar

Dine nye produktivitetssuperkrefter.

Støtte for fleire kontoar

Administrer alle e-postane dine på éin stad.

Alle e-postkontoane dine har ein heim i Thunderbird. Administrer kontoar separat eller i ein samla innboks. Søk og organiser enkelt. Sei farvel til alle desse nettlesarfanane!

A crossed out circle against a pink background.

Annonsefri oppleving

Gratis utan avgrensingar.

Vi tener ikkje pengar på å lese e-posten din. Vi fyller ikkje innboksen din med annonsar. Nyt eit reint grensesnitt utan reklame og datautvinning.

Les personvernerklæringa vår

Støtte på tvers av plattformer

E-postadressene dine skal fungere overalt.

Lås deg aldri til eitt økosystem. Bruk operativsystemet du ønskjer, og endre når du vil, medan du nyt den same skrivebords-/appopplevinga.

Sjå alle tilgjengelege versjonar
A cropped screenshot of the Thunderbird interface.

Kalender, kontaktar og oppgåver

E-post er berre ein del av å vere produktiv.

Thunderbird helps your manage your appointments, contacts, and tasks. Stay organized, productive, and connected in one place.

Betre sikkerheit og personvern

Ver trygg og ansvarleg som standard.

Thunderbird er open kjeldekode. Koden har vorte kontinuerleg gjennomgått og forbetra over 20 år. Openheit held oss ansvarlege og deg trygg.

Vis kjeldekoden
The Thunderbird logo in an opened gift box.

Alltid gratis og open

Thunderbird er ei gåve frå folk som deg.

Tusenvis har bidrege med tid og pengar for å gjere Thunderbird mogleg. Koden er open kjeldekode og fritt lisensiert til å bruke, endre og dele. Thunderbird er ikkje berre gratis, han gjer deg fri.

Les om oppdraget vårt

Tredjeparts økosystem.

Det du kan gjere med Thunderbird stoppar ikkje med oss.

Utforsk Thunderbird-tillegg
A grid of various add-on icons.

Nyttige ressursar

Oppgrader Thunderbird-ferdigheitene dine.

Kom i gang

Nesten alle kan vere med på å gjere Thunderbird betre og meir tilgjengeleg for andre. Kom og lær kva moglegheiter som finst. Finn måtar å bidra til prosjektet på:

Korleis delta

Del idear

Når utviklarar, designarar og brukarar jobbar saman skjer det fantastiske ting. Kom og del ideane dine for korleis Thunderbird kan bli betre.

Mozilla Connect

Få brukarstøtte

Lær korleis du brukar Thunderbird og still spørsmål. Thunderbird-bidragsytarar frå heile verda jobbar for at du skal ha ei flott oppleving.

Brukarstøtte-nettstad

Finn ut kva som kjem

Thunderbird blir stadig betre. Abonner på nyheitsbrevet vårt og følg oss på sosiale medium for å halde deg oppdatert.